Tid: 9. februar 2017 19:00

Sted: Sting Nere

Gratis inngang

Korleis og kvifor er det så stor skilnad mellom det som blir sagt og skrive om kjønn, og det som faktisk er tilfellet?

Denne prosalongen skal handla om korleis stereotypiar i språk og tanke gjer livet surt. Slike førestillingar hemjar både dei av oss som fell innanfor det etablerte kjønnssystemet (såkalla vanlege menn og kvinner), og dei av oss som i større eller mindre grad fell utanfor (t.d. transpersonar og intersexpersonar).

Me kan òg tenkja oss å kasta nokre blikk på den norrøne litteraturen og kulturen. Viktingtida og den tidlege mellomalderen vert gjerne framstilt og oppfatta som ein gullalder for mannen, der han fekk herja og plyndra og valdta i aust og vest, medan kvinnene var føyelege og smålåtne og gjorde som karane sa. Dei overleverte norrøne tekstene gjev – mildt sagt – lite støtte for ei slik framstilling. Det kan snarare sjå ut til at kvinnene naut større respekt og fridom for tusen år sidan enn dei gjer i dag, i alle fall på nokre område.

Kristin Fridtun (f. 1987) frå Elverum er forfattar, føredragshaldar og fast spaltist i Dag og Tid. Busett i Bergen. Har studert nordisk, latin og litteraturvitskap ved NTNU. Bøker: Norsk etymologisk oppkok (2012), Nynorsk for dumskallar (2013), Kjønn og ukjønn (2015). Tildelt Bokhandelens sakprosapris 2016.
Foto: privat

Solveig Aareskjold er fødd på Austvoll i Sandnes i 1949, lektor ved Stavanger katedralskole 1978-1993, debuterte som romanforfattar med Det indre tempel i 1987, som essayist med Kyss meg i diskursen i 1996. Siste utgjevne bøker er essayet Valkyrjesong i 2012 og antologien Lesebok for jenter i 2014. Skriv kvar veke i spalta Solveigs salt i avisa Klassekampen.

Foto: Kjetil Alsvik

Pin It on Pinterest