Tid: 19. oktober 2017 19:00

Sted: Saga Bok, Sting Nere

Gratis inngang

Kva er det alle kvinner vil ha? I forteljingane frå vikingtida er svaret enkelt: Alle kvinner vil ha ære. Dess stoltare ei kvinne er, dess meir attraktiv er ho for mennene, sjølv om ho stiller så høge krav at det går på livet laus. Olav Tryggvason var all sin dag avhengig av å ha kvinnene på si side. Han blei berga gjennom spedbarnstida av ei snarrådig mor, nådde vaksen alder ved hjelp av ei klok fostermor og fekk styringa over Noreg på grunn av søster si. Men fordi han trakka på æra til Sigrid Storråde, hamna han i slaget ved Svolder, der han stupte i sjøen og forsvann.

Forfattar Solveig Aareskjold kjem i haust ut med boka «Astridene – kvinnene kring Olav Tryggvason». Solveig Aareskjold debuterte som romanforfattar med romanen Det indre tempel i 1987 og som essayist med Kyss meg i diskursen i 1996. I seinare år har ho gått sterkt inn for å gjera eldre litteratur meir kjend, mellom anna med bøkene Valkyrjesong (2012) og Lesebok for jenter (2014).

Pin It on Pinterest