Tid: 23. mars 2017 19:00

Sted: kåkå, Sting Nere

Pris: 100 (ordinær) /50 (student/elev/uføre)

DELTAGERE
Trude Tinnlund,
LO-sekretær og medlem av Delingsøkonomiutvalet
Toril Nag, direktør for Lyses televirksomhet
Svein Svimbil, adm. direktør Rogaland Taxi
Kjartan A. Lunde, leiar Rogaland Venstre
Eirik Faret Sakariassen, gruppeleiar for SV i Stavanger bystyre

Debattleiar blir Harald Birkevold, Stavanger Aftenblad

billettKjøp billetter HER eller i døren fra ca kl 18.30.

Nokre stikkord for debattgrunnlaget:
Mange ser på delingsøkonomien som ein veg inn i ein ny, digital, effektiv og miljøvennleg økonomi. Ved å kopla tilbydar og kunde saman via appar kan bilar, hus og andre ressursar utnyttast meir effektivt, tilbodet av tenester blir større og billegare, og enkeltpersonar kan bruka ledig tid til å auka inntekta. I dag er det selskap som Uber og Airbnb som er dei fremste eksponentane for delingsøkonomien, men det er venta at den vil ekspandera kraftig på fleire område i åra framover. Selskapet Vista Analyse har spådd ei 80-dobling på ti år. I så fall vil mykje av innovasjon og utvikling i næringslivet skje innanfor delingsøkonomien, og land som ikkje følgjer med på det, kan hamna bakpå.

Samtidig er det stor uro for kva delingsøkonomien vil gjera med det regulerte arbeidslivet. Mange fryktar at «lausarbeidarsamfunnet»  vil gjenoppstå i digital drakt, og at reguleringar som skal sikra nødvendige standardar og trygge arbeidsvilkår vil koma under press. Det mest aktuelle eksemplet er løyvesystemet i drosjenæringa, som fleirtalet i det regjeringsoppnemnde delingsøkonomiutvalet har foreslått avvikla. Til nå har Uber-sjåførar i Oslo blitt behandla som pirattaxiar, men stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde (H) har oppmoda til å køyra med Uber i protest.

Både tilhengarar og kritikarar av delingsøkonomien er samde om at aktørane må betala skatt på lik line med andre. Men lar det seg gjera i praksis, med mange små deltidsarbeidarar på tilbodssida og eigarar med base i skatteparadis? Blir delingsøkonomien dermed eigentleg ei brekkstong for ei gigantisk liberalisering av økonomi og arbeidsliv, der ein fast fulltidsjobb blir eit privilegium for dei få, gevinstane blir samla på svært få hender, og velferdsstaten misser ein stor del av sitt finansieringsgrunnlag?

Velkommen!

Pin It on Pinterest