Tid: 15. februar 2017 19:00

Sted: kåkå, Sting Nere

Pris: 100 (ordinær) /50 (student)

Er oljeaktivitet i nord egentlig en sak først og fremst i Rogaland og på Vestlandet, fordi mesteparten av industrien er her? I så fall, handler det om å sikre arbeidsplasser? Eller viderefører vi bare en ensidig næringsstruktur som legger lokk på omstilling?

billettDu kan kjøpe bilett HER eller i døren fra kl. 18.30.

Innledere og deltagere
Hadia Tajik
(Ap), stortingsrepresentant, nestleiar i partiet og leiar av programkomiteen
Tina Bru (H), stortingsrepresentant, medlem av energi- og miljøkomiteen
Geir Pollestad (Sp), stortingsrepresentant, leiar av næringskomiteen
Klaus Mohn, professor i petroleumsøkonomi, Universitetet i Stavanger
Eirik Wærness, sjeføkonom, Statoil

Harald Birkevold, Aftenbladet, leder debatten

Oljeaktivitet i Lofoten og Vesterålen er ei gammal konfliktsak i norsk politikk. Den har spissa seg til i det siste, blant anna i samanheng med Ap sitt nye kompromiss i eget programutkast. Oljenæringa, med støtte frå oljeminister Søviknes og regjeringspartia, meiner at ei konsekvensutgreiing av Lofoten/Vesterålen er eit viktig signal om at oljenæringa skal få utvikla seg vidare. Motstandarane peikar dels på miljørisikoen for fiskeri og turisme, dels på at norsk næringsliv treng omstilling og at oljå bør ha nok med dei områda som alt er opna. Ei meiningsmåling nyleg viste at motstanden mot oljeaktivitet i Lofoten og Vesterålen er størst i Nord-Norge og Oslo, minst på Vestlandet.

Viser dette at oljeaktivitet i nord eigentleg først og fremst er ei Rogalands- og Vestlands-sak, fordi mesteparten av industrien er her?

I så fall, er det eit bidrag til å sikra arbeidsplassar her på lang sikt, eller vil det berre føra til at ein einsidig næringsstruktur blir vidareført og at me ikkje får fortgang i omstillinga?

Grove estimat viser at berre cirka 2 prosent av oljereservane på norsk sokkel er i det omstridde området. Er Lofoten/Vesterålen blitt ei symbolsak for begge partar, langt utover si reelle betydning?

Velkommen! 

 

Pin It on Pinterest