Tid: 15. mars 2017 19:00

Sted: kåkå, Sting Nere

Pris: 100 (ordinær) /50 (student)

Den 7. mars blir opplagstala for avisene publiserte. Dei vil sannsynlegvis visa det same som dei siste åra, nemleg at «venstresidas avis» Klassekampen er opplagsvinnar, og at andre nisje-/kommentaraviser også gjer det bra. Samtidig har Minerva lansert ei ny avis med ein erklært borgarleg profil. Betyr det at ei tydelegare ideologisk plassering er framtida for aviser og andre medium, etter at det lenge var avideologisering som var hovudtendensen.

Deltagere:
Bjørgulv Braanen, sjefredaktør Klassekampen
Nils August Andresen, ansvarleg redaktør Minerva
Torunn Egge Roux, tidlegare journalist og kommentator i A-presseaviser og Stavanger Aftenblad
Henrik Grue Bastiansen, mediehistorikar med partipressa som spesialfelt.

Ordstyrer er Tom Hetland

billettKjøp billetter HER eller i døren fra kl. 18.30.

Spørsmål som vil dukke opp i debatten er –

  • Går me altså mot ein moderne versjon av den gamle partipressa, eller er dette eit nytt og annleis fenomen?
  • Risikerer me at det i så fall vil forsterka ekkokammer-effekten (jf. USA), og vera eit bidrag til forvitring av dei breie møteplassane, eller er det uttrykk for at det utviklar seg eit større mangfald i medielandskapet?
  • Kva føringar legg den ideologiske profilen på journalistikk og kommentarar (jf. Trond Andresen-saka i KK)?
  • Blir aviser og andre medium meir eller mindre truverdige ved å flagga ein tydeleg politisk ståstad?

Vær velkommen!

 

Pin It on Pinterest