Tid: 23. november 2017 20:00

Sted: kåkå, Sting Nere

Pris: 100/50. For begge arrangement torsdag kr. 150/75.

Torsdag 23. november 20.00:

Solveig Aareskjold: Ånd, kropp og mannsidentitet gjennom tre tusen år.

I Odysseen finst det ikkje noko åndsbegrep. Gudane er av kjøt og blod som menneska, og i dødsriket flakkar dei avlidne omkring som tørre skinnfiller. Det skiljet mellom ånd og kropp som sidan oppstod, har verka styrande både for korleis mennene har forstått seg sjølve, og korleis dei har forstått kvinnene

Foredrag av Solveig Aareskjold, forfattar, essayist og tidlegare lektor. Skriv kvar veke i Klassekampen i spalta Solveigs salt.

Kommentator (kor) er Mie Hidle, doktor i idéhistorie og spesialist på Isaac Newtons kraftbegrep. Ho var i manege år fast kronikør i Stavanger Aftenblad og arbeider no som lektor ved Stavanger katedralskole.

Kjøp billetter HER eller i døren. Dørene åpner ca kl 19:30.

 

Solveig Aareskjold

 

Mie Hidle

 

Kropp og ånd – i biologiens tid

Temadager på KÅKÅ 22. – 24. november 2017

Tradisjonelt har mennesket både kropp og sjel – eller ånd. Men i seinare tid har det blitt ganske vanleg igjen å sjå på oss som dyr blant andre dyr, grådige og egoistiske, utan nokon utanom-biologisk dimensjon. Og no ser det ut til at vitskapen ved hjelp av genmanipulering snart vil kunna oppgradera både intelligens og livslengd og avla fram nye supermenneske. I Noreg foregår stendig ein stor debatt om kva transhumanisme er eller skal vere for noko. Samstundes skriv Yuval Noah Harari bøkene om sapiensane si forhistorie og framtidshistorie, som med anna fortel oss at den kognitive revolusjonen for 50-100.000 år sidan krev at me forstår kvarandre med stor vekt på det utanom-biologiske, og at me i framtida kan koma til å bala med krav om å verta udøyelege som gudane sjølve, som eit slag Homo Deus. KÅKÅ tar her altså for seg ånd og transcendens i denne nye biologiens tid med ei temaveke kor nasjonale og internasjonale tenkjarar får tala til oss.

Kvart foredrag vil bli følgt opp av ein moderne variant av det koret som alltid var med i det klassiske greske dramaet, ei godt kvalifisert responsgruppe som kommenterer og stiller spørsmål. Innspel frå publikum er sjølvsagt òg hjarteleg velkomne. Medredaktør for det heile har vore Solveig Aareskjold.

 

Pin It on Pinterest